Sveio - Midt i leio

Bloksen- Foto: Tor André JohannessenSveio kommune er ei halvøy som grenser mot Sletta og Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i øst. Kommunen ligger i Hordaland fylke. Den har fastlandsgrense med kommunene Tysvær og Haugesund, som begge ligger i Rogaland fylke.

Hovudferdselsåren på Vestlandet, kyststamvegen E39, går gjennom kommunen. Sveio har om lag 5247 innbyggere som bor over hele kommunen. Kommunen dekker et areal på 246 kvadratkilometer.

Landskap
I sør er landskapet småkupert og skifter mellom dyrket mark og store utmarksvidder, lynghei, våtmaksområde, skogkledde lier og forblåste knauser. I nord er det mer fjell og barskog. Her finner du det høyeste fjellet i kommunen, Trollavassnipen, som reiser seg 432 m.o.h.

Kystlinjen er lang med mange viker og fjordarmer. 22 kvadtratkilometer av kommunen er dekket av ferskvann, fordelt på 282 små og mellomstore vann. Vigdarvatnet
sør i kommunen er det største vannet.

 

Blomster-ved-sjoen - Foto: Tor André Johannessen

Foto: Tor André Johannessen

Kystlandskapsparken i Sveio

Landskapsparkområdet i Sveio ligg langs kystlinja i sørvest, der Bømlafjorden opnar seg mot Sletta. Her finn du eit ope landskap, prega av menneska sin bruk av sjøen og jordbrukslandet gjennom tusenvis av år. Ryvarden kulturfyr er den største attraksjonen, men rundt omkring i landskapet finn du mindre kjende perler som kan opplevast til fots, med båt, på sykkel eller med bil langs Gullvegen.

Kystlandskapsparken er ein av 9 landskapsparkar i Hordaland. Landskapsparkane er etablerte i område der landskapet har spesielle kvalitetar. Bygdene i områda står saman om å utvikla gode tilbod til både gjester og fastbuande, med utgangspunkt i lokal historie og tradisjonar. Meir informasjon finn du på www.kystlandskapsparken.no

Golf
Haugaland Golfbane Sveio ligger ved Sveio sentrum sentralt mellom Sunnhordland og Nord-Rogaland, tett opp til Rv. 47 og kyststamvegen. De første 9 hullene og treningsbanen åpnet våren 2001. I 2008 ble den nye 18 hulls golfbanen ferdigstilt. Den nye banen har en total lengde på 6.250 m og blir par 72.

Banen er plassert i et naturområde med skog, lynghei og vann. Området egner seg også som turområde både sommer og vinter. Det område som er regulert til golfbane er på omlag 2400 da.

Ryvarden - eit landemerke i meir enn 1.100 år
Ryvarden Kulturfyr står godt planta i gammal historie. Historia om Ramnaflóke og hans reise frå Ryvarden til Island er dokumentert i Landnàmabòk frå Island. Dette gav grunnlaget for den seinare fyrhistoria.

Kystverket har stadig automatisert fleire fyr som tidlegare gav arbeid til mange, og frigjer dermed samstundes familiebustadane knytt til kvart einskild fyr. For at verdfull bygningsmasse ikkje skal bli ståande tom, har dei satsa på etterbruk. Ryvarden fyr i Sveio lengst sør i Hordaland, har ved stor innsats frå Sveio kommune og andre fått nytt liv som Galleri Ryvarden eller Ryvarden Kulturfyr som det gjerne også vert kalla. Sveio kommune inngjekk i 1992 avtale med Kystverket om leige av bygningane ved Ryvarden til samfunnsmessige formål. Etter den tid har Sveio kommune hatt ansvar for drifta av kulturfyret, og vidareutvikla det med kulturelle og samfunnsmessige formål.

Ryvarden-fyrstasjon- Foto: Tor André Johannessen

Ryvarden - Foto: Tor André Johannessen

Ryvarden fyr ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og til Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km. utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå lunt kulturlandskap til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det vert gjeve dispensasjon eller ordna skyss for dei som ikkje kan gå den fine turen ut til Ryvarden. Vel komen ut, kan ein nyta kunst og utsikt, saman med kaffi, nysteikte vaflar med rømme og / eller rykande varm, heimelaga fiskesuppe. Slik står Ryvarden støtt på fleire bein, naturoppleving, kunstutstilling, kafèdrift og ein liten historisk utstilling. ( sjå under avsnittet "historie") i ein solid kombinasjon.

Galleri Ryvarden
vart opna av fylkesmann Håkon Randal, 1. pinsedag 1992. Den gamle, vertikaldelte fyrbetjentbustaden (frå ca. 1935) som vart fråflytta i 1984, slo opp att dørene, med nyoppussa vegger fulle av biletkunst, med solide tremøblar og ei lokkande lukt av kaffi og nysteikte vaflar. Galleriet som vert driven av Sveio kommune har sesong frå påske til jul kvart år, og har nyopna utstillingar kvar månad i sesongen. Ryvarden som kulturattraksjon har fått ei mottaking me ikkje hadde drøymt om. 30 000 – 35 000 menneske besøker staden årlig. På galleridrifta har me faste kunstnariske samarbeidspartnere.

 

Utskrift