Gå til innholdGå til toppmenyGå til venstre meny
Haugesund kommune logo
Gjesteskribenter

Gjesteblogg: ordfører Laura Seltveit

Takkar for utfordringa frå ordførar Jarle lengst vest i havet til den austlegaste og nordlegaste kommunen i fylket.

Ja, nå kan me endeleg nyte sommarvarmen lengst her inne i fjorden også. Dei tøffaste av oss har til og med plaska litt i sjø og småvatn. Det må nok bli eit par plussgrader til før ordføraren kastar seg uti det, men dei kjem, og til rett tid, både i Saudafjorden og i alle idylliske småvatn me har rundt her.

Det er eit privilegium når ein skal vera gjesteskribent, det er at ein kan velja sjølv kva ein vil skrive om.

Eg vil då skrive litt om Fairtrade – rettferdig handel.
Dette er ei viktig og god sak. Ved å vera bevisste og bruke fairtrademerka produkter, er me alle med på å gjere livet litt lettare for småbønder og arbeidarar i sør som får ein rettferdig pris for kaffien, teen, appelsinene, risen m.m. og dermed mulighet for utvikling.

Kvifor skal eg som ordførar og me som kommunar bry oss? Er ikkje dette noko som regjering og storting og multinasjonale selskap som driv verdshandel bør ta seg av?
Jo visst er det slik, men kven trur at desse store selskapa ser på småbonden og plantasjearbeidaren sitt ve og vel og deira utviklingsmuligheter som så viktig? Nei, men som forbrukarar har me alle makt og mulighet til å påverke, og som kommunar er me store forbrukarar av ulike produkt. Totalt handlar det offentlege Norge for over 300 milliarder kroner, klart me kan påverke.

På Haugalandet har me felles innkjøp av varer, det er ikkje småpengar det blir handla for. Det er klart at ved å nytte produkt som er godkjente fairtradevarer, kan me som kommunar faktisk vera med og påverke litt i retning av at FN sine tusenårsmål blir oppfylt. Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon.

Sauda var den første norske kommune som vart Fairtrade kommune i 2006, nå er det ca. 25 kommunar i landet som har kome etter. Rogaland fylkeskommune er den første fylkeskommunen i landet og har som mål at alle kommunar i fylket skal vera med på fairtradelaget.  Vil gratulere og ynskje Tysvær og Strand lukka til som fairtrade kommune, så har eg og forstått at det blir arbeidd godt både i Karmøy og Haugesund på området, så ballen rullar vidare for meir rettferdig handel og dermed betre fordeling. ”Vi ber ikke om almisser, vi er ikke tiggere, men vi ber om en rettferdig pris for kaffien”, seier ein meksikansk kaffibonde.

Så kan eg heller ikkje lata vera å skrive litt om høgfartstog og muligheter for Haugalandet når eg først får vera gjesteskribent.

Eg vil etterlyse eit større engasjement for satsing og arbeid for høgfartsbanar, dette sett i lys av den store miljøgevinsten, ein effektiv transport og det er heller ikkje vanskeleg å finne ut at dette gir store muligheter for distrikta, sjølvsagt kan ikkje alle tog stoppe på alle stasjonar på kvar tur, men nokre få stopp i løpet av dagen vil vera ein stor gevinst.
Haugesund vil få mange avgonger pr. dag sjølvsagt.

Klarer me å stå saman også om dette og presse meir på mot sentrale styresmakter, har me større gjennomslagskraft og Haugesund kan endeleg få sin jernbane. Å reise frå Haugesund til Oslo på under 2,5 timer frå stasjon til stasjon verkar som eit eventyr, men det føreligg grundige utgreiingar frå Deutsche Bahn som konkluderer med at dette er rett når det gjeld persontrafikk, godstog vil bruke 4 – 4,5 timar på same strekninga.

Nå har regjeringa løyvd 50 millionar kroner til utgreiingsprosjekt der målet er å starta bygging av høgfarstsbanar. Vi kjenner alle til klimaforliket på Stortinget, der dette og er med.

Det blir av nokre sagt at høgfartsbanar skal me satse på når vegen vest–aust (E-134) har fått den rette standarden, andre skriv i media at me treng kun bane nord-sør på Vestlandet og ikkje austover. Tenk på utviklingsmulighetene til havnene i regionen - få varene inn i containerar, rett på godstog både nordover og austover. Kvifor ikkje arbeide for løysingar som gir så mykje større muligheter i fleire retningar, enn akkurat langs Vestlandskysten? Sjølv om det tek kanskje 10 minutt lenger frå Stavanger til Bergen sett i forhold til tog kun langs kysten?
Tenk på mulighetene for alle som produserer rein energi, det er ein god del gwh som skal brukast.

På Haugalandet er det mange eksempler på vellukka samarbeid på ulike områder.
For oss er Haugesund byen me reiser til når me treng noko me ikkje får kjøpt i Sauda, helst bil, når me må til sjukehus, til Statens vegvesen, til næraste høgskule, me reiser til byen og oppsøkjer kulturelle arenaer og mangt anna. Samtidig ser me, og er glade for, at mange frå byen i vest har funne seg vel til rette som fritidsinnbyggjarar hjå oss og kosar seg i vårt vesle sentrum i helgar og feriar. Eg trur Haugesund vil styrke seg enda meir om me og får høgfartstog til byen.

Eit samla Haugaland bør arbeide for dette. Me veit alle at Rom ikkje vart bygd på ein dag, slik med dette også. Men me må starte og vera optimistiske.

Sauda har fire gode nabokommunar, Suldal, Odda, Etne og Vindafjord. Nå har eg trekt lodd mellom desse og utfordrar herved ordførarkollega i Vindafjord, Arne Bergsvåg, som neste mann ut.

God sommar til alle i Haugesund!

Helsing
Laura Seltveit, ordførar i Sauda.
 

(Publisert 30.04.10 av Laura Seltveit, ordførar i Sauda.)

Kommentarer

  • Det er ingen kommentarer